Hjelle Hotel - Attraksjonar
Briksdalsbre - Geiranger - Stryn Sommerski - Jostedalsbreen Nasjonalpark - Fotturar

 

Home   |   Rom   |   Prisar   |   Booking   |   Attraksjonar   |   Historie   |   Linkar   |   Kontakt


Kart   |   Blogg   |   Gamlebutikken på Hjelle   |   Kampanjar

 
 
Gåturar:

Dei mange setredalane er fine turmål. Fjellgarden Segestad er eit av dei mest populære turmåla i lokalområdet.

For dei som ønskjer større utfordringar er m.a. Skåla og mange av dei andre fjelltoppane i område populære turmål. For dei som ønskjer kun ein kortare gåtur, så er det mange muligheiter for det også.


Dagsturar med bil:

Geiranger og Briksdalsbreen er nok dei to mest populære turistattraksjonane i området. Geiranger-turen passar godt å ta som ein rundtur der du får både høgfjell- og fjord-opplevingar. Eit anna populært turmål er Vestkapp og Selje, der du kan oppleve interessant historie og kystlandskap.


Spesielle aktivitetar:

Området har lenge vore kjent for sine gode sommarskitilbod. I tillegg er også brevandring, kajakk, sykling og andre naturaktivitetar tilgjengelige i området. Vi kan vere behjelpelige med evt. bestilling av guidar etc.


Du kan få meir informasjon ved å sjå på Reisemål Stryn & Nordfjord (aktivitetar og attraksjonar) og Geiranger sine offisielle turistinformasjonssider.



















 

Hjelle ligg i randsona til Jostedalsbreen Nasjonalpark. Dette gjev deg eit godt utval av turmål, enten du ønskjer å gå til fots eller om du ønskjer å bruke bil. I tillegg er det også mange aktivitetstilbud, - også med guide om du skulle ønskje det.

Eit stort utval av aktivitetstilbod