Hausthelg i Oppstryn

 
 
 

Jorun Erdal og det lokale event-selskapet Lake vil også i år arrangere ei hausthelg der dei inviterer gode musikarar og har mange arrangement som skal lokke både fastbuande og tilreisande til å markere hausten med eit kjekt samkome. Sjå plakatar for hhv Program og Plakat.


Program laurdag 3. september 2011:

  1. Kl. 11.00 - 17.00: Torgaktivitetar på Hjelle

  2. Kl. 12.30: Konglevandring med lamaen «Prikken»

  3. Kl. 14.30: Danseframsyning av Oppstryn Barneleikarring

  4. Kl. 15.00: Haustmoteshow

  5. Kl. 15.30: Musikalske innslag ved Hjelleklang

  6. Kl. 16.30: Utdeling av Bygdeprisen 2011 ved Birger Meland

  7. Kl. 20.00: Showmiddag med underhaldning og dans på Hjelle Hotel (kr 550 per person inkl. dansen) (billettar kan kjøpast ved å kontakte Lake på tlf. 40070666 eller epost info@lake.no.  Billettar kan også kjøpast på Joker i Hjelledalen eller Xtra Lekker i Stryn)

Hausthelga i Oppstryn er etterkvart blitt ein tradisjon. Den vart til etter eit initiativ frå Jorun Erdal, som saman med det Oppstryn-baserte event-selskapet «Lake» starta opp med å feire hausten med ei Hausthelg i Oppstryn, med mange aktivitetar, god musikk, god mat og sosialt samver.

Hausthelg 3. september 2011