Attraksjonar


Gåturar:

Dei mange setredalane er fine turmål. Fjellgarden Segestad er eit av dei mest populære turmåla i lokalområdet.

For dei som ønskjer større utfordringar er m.a. Skåla og mange av dei andre fjelltoppane i område populære turmål. For dei som ønskjer kun ein kortare gåtur, så er det mange muligheiter for det også.


Dagsturar med bil:

Geiranger og Briksdalsbreen er nok dei to mest populære turistattraksjonane i området. Geiranger-turen passar godt å ta som ein rundtur der du får både høgfjell- og fjord-opplevingar. Eit anna populært turmål er Vestkapp og Selje, der du kan oppleve interessant historie og kystlandskap.


Spesielle aktivitetar:

Området har lenge vore kjent for sine gode sommarskitilbod. I tillegg er også brevandring, kajakk, sykling og andre naturaktivitetar tilgjengelige i området. Vi kan vere behjelpelige med evt. bestilling av guidar etc.


Du kan få meir informasjon ved å sjå på Reisemål Stryn & Nordfjord (aktivitetar og attraksjonar) og Geiranger sine offisielle turistinformasjonssider.

















© Lorentz Hjelle 2015