Fjellgarden Segestad i Oppstryn

 

Home   |   Rom   |   Prisar   |   Booking   |   Attraksjonar   |   Historie   |   Linkar   |   Kontakt


Kart   |   Blogg   |   Gamlebutikken på Hjelle   |   Kampanjar

 

Fjellgarden Segestad




Sigdestad har ein av dei mest særprega og storslåtte plasseringar av gardane i Stryn, ja langt utover kommunegrensene. Høgt og fritt ligg garden på ein framskoten rygg ved inngangen til Glomsdalen, oppe i nordsida ved Oppstrynsvatnet. Frå gardstunet (314 m.o.h.) er det godt utsyn til Hjelledalen, Erdalen, Strandsida og dei kjende fjella ikring.

Som nabo, 1 km. lenger vest, finn vi den kjende frukt- og fotballbygda Flo. Det er bratt fjell og nesten uframkomeleg mellom dei to stadane, berre lokalkjende veit kvar det er mogleg å gå.

For å kome til Sigdestad, må du reise til Hjelle (link til Hjelle Hotel) i Oppstryn. Derifrå går ein 3 km. lang gardsveg forbi Hjelle skule til garden Glomnes. Her byrjar stien opp til Sigdestad, det er vanleg å rekne med 1/2 - 1 time på turen.

Denne garden er ein gamal kulturskatt som er verdt å ta vare på. Han er eit prov på slit og strev, og at folk busette seg og levde av jorda på dei mest kronglete stader. Garden ligg fint til i munningen av Glomsdalen, på ei fjellhylle med eit bratt stup på 300 meter ned til Oppstrynsvatnet.



Namnet Sigdestad var i gammal tid kalla Sigvaldstadir, og er eit namn frå vikingtida, gjerne frå år 800 -1000 e.Kr. Historisk museum i Bergen hadde i 1985 arkeologiske undersøkjingar i Glomsdalen, der dei fann fleire spennande tufter, heilt tilbake til 1500 -500 før Kr. Gamle segner fortel også om annan busetnad i Glomsdalen, og i gamle dokument finn vi i tillegg til Sigdestad, namn som Selstad, Tømra,Nås og Flåten.

Etter Svartedauden sine herjingar i 1349 vart alle desse gardane lagt øyde, og det var berre Sigdestad som vart oppatt-teken som gard igjen. Under ei synfaring som retten hadde på Sigdestad i 1594, vart det funne 10 hustufter og ein gammal brønn . Etter dette vart garden lagt under Kruna (Kongen). I 1660 vart Sigdestad kjøpt av presten Absalon Beyer.

Denne fjellgarden var tidlegare rekna som ein av dei beste gardane i Oppstryn, med ein verdi på 4,94 skyldmark. Verdien vart først og fremst rekna ut frå at garden hadde rikeleg med beite og stor utmark med mykje vilt. Men heller ikkje etter vår tids målestokk er desse tala frå 1782 å forakte: 12 mjølkekyr, 8 ungdyr, 1-2 griser, 2 hestar, 30 vinterfora geiter og 20 vinterfora sauer. Til gardshjelp var der 2 drengar og 2 terner (tenestejenter).




Kilde (tekst og foto): www.nordfjord.no / Reisemål Stryn & Nordfjord