El-bil ladar – Destinasjonsladar
Vi har fått 3 stk. destinasjonsladarar som står på vestsida av hotellet på husveggen til Hjellevegen 238. Det er sjølvbetjening / pålogging via Plugpay.no. Prisen er kr 3,00 per kWt, og det er ein oppstartpris på kr 4. Det er dessutan ein sperrekostnad på 50 øre per minutt, som påløper etter lading er ferdig inntil du koblar bilen frå lader. Sperrekostnad gjeld kun på dagtid mellom kl. 09.00 og 21.00. Om bilen blir ferdig lada i løpet av natta kjem det ikkje slik kostnad før etter kl. 09.00. Dette er for at ein skal sleppe andre til å lade når ein sjølv er ferdig med lading.