Romkategoriar hotellrom

Kat. 1 A - Romantikkrom med balkong i trebygget

Vi har to rom i denne kategorien: «Wilhelmina» og «Thores Ark».

Desse romma er i den gamle trebygningen og har balkong. Romma har store bad med både dusj og badekar.

Kat. 1 A - Romantikkrom med mini-balkong

Vi har to romantiske rom med liten balkong i betongdelen. Romma er relativt store med eiga sittegruppe. Bada har dusj og WC. Utsikt mot vest, så ein kan sjå Oppstrynsvatnet og dei Jotte fjella i vest.

Kat. 1 A - Romantikkrom med balkong i betongbygg

Vi har totalt 4 rom i betongdelen med balkong med utsikt rett mot vatnet. Desse har den beste utsikta og har nyrenoverte bad med dusj og WC (ikkje badekar). To av romma er såkalla familierom, der det er eit ekstra soverom. Då kan det vere totalt 4 personar på rommet. Ein betalar då for ekstraseng for person 3 og 4.

Kat. 1 B - Romantikkrom med suite

Vi har to rom i denne kategorien: «Idas Salong» og «Per Bolstad». Romma er i den gamle tredelen.

Det er flotte rom med sittegruppe i innvendig veranda og stort bad med badekar, dusj og WC. Romma har utsikt mot aust og ikkje direkte utsikt mot Oppstrynsvatnet

Kat. 2 - Romantikkrom med dusj og WC

Vi har fire rom i denne kategorien:

  • «Tourist» – dobbeltrom med dusj og WC, og ei lita sittegruppe. Utsikt mot vatnet.
  • «Tindefjell» – dobbeltrom med dusj og WC. Lite rom, men med utsikt mot vatnet.
  • «Elvina» – dobbeltrom med både badekar, dusj og WC. Utsikt mot vatnet men via eit lavt takvindu.
  • «Segestad» – dobbeltrom med både badekar, dusj og WC. Rommet har fjellutsikt.

Alle romma er i det gamle trebygget.

Kat. 3 - Dobbeltrom med dusj og WC

Vi har to rom i denne kategorien. Begge har dusj og WC. Det eine rommet har to sengar som står saman som ei dobbeltseng, men kan separerast. Det andre rommet har ei dobbelseng. Begge romma er i det gamle trebygget.

Dette er små rom, som også blir solgt som enkeltrom. Begge romma har fjellutsikt.